Narkotikahund i Kongeparken

Eg og min faste makker Øyvind, hadde ordinær jobbehelg når det skulle arrangerast landstreff for russen i Kongeparken første helga i mai. Sidan vi tilhøyre Sør-Vest politidistrikt, blei det bestemt at vi skulle tilbringe arbeidshelga vår der. Det var vi sjølvsagt positivt innstilt til!

Vi kom til Kongeparken fredags kveld rundt kl. 21. Etter å ha vore kjapt innom KO for og helse på fleire kollegaer, bestemte vi oss for å lufte hundane kjapt. Min hund Milo, søkshund under opplæring, skulle få ut litt energi før han skulle ligge ei god stund i bilen. Ikkje lenge etter at eg hadde tatt han ut, kom det glade (og fulle) russ bort. «Åååh, seee, en hund», blei det ropt fleire plassar. Undervegs på luftinga, kom det fleire bort. Sikkert 30 personar sporte om det var Laffen. Eg forklarte høfleg at hunden heitte Milo.

Etter å ha plassert Milo i bilen, var det på tide å kalibrere Mikke, søkshunden som skulle finne narkotika og rusa personar i løpet helga. Eg la ut besmitta hasj på ei dame som jobba der som frivillig. Det høyre med til historia at eg måtte sjølvsagt gå tur forbi denne dama med Milo, som etter kvart slo på dama og tok ut markering på sokken. Då blei eg overraska, og sjølvsagt stolt. Så var det Mikke sin tur. Han slo bra på den utvalgde dama. «Jadda» tenkte eg og Øyvind. No er vi klar!

Vi gjekk opp i området der bilane og bussane stod parkert. Det tok ikkje lange tida før Mikke fekk det berømte draget. Då kjente eg at søren, her blir det funn med ein gong! Men det viste seg at draget var mot ein halv hamburger som ein rødkledd hadde slengt frå seg på bakken. Jaja, neste gong. Øyvind hadde gitt Mikke mat på ferja over fjorden frå Haugesund. Det skulle vise seg å vere totalt unødvendig. I løpet av helga fekk Mikke i seg fem hamburgarar, fire kebab, to pølse og store mengder pommes frites. Alt dette låg klemt på bakken, og alle gongane trudde vi at han hadde narkotika i nasa.

Alle ville helse på Mikke der vi gjekk, og sporte om det var Stina. Nei, sa Øyvind og forklarte at hunden heitte Mikke.

I løpet av helga blei det tatt fire russ for bruk/besittelse av narkotika ved bruk av hund, etter at Mikke hadde plukke seg ut desse i ei folkemengde på over 10 000 menneske. Under Macklemore sin konsert, fekk Mikke drag mot ei gruppe personar. Mikke klarte å plukke ut den eine personen. Han satt på ei jakke. Jakka innehaldt eit par gram hasj og tre ferdigrulla jointar. Personen nekta for dette. Det blei mykje styr og eit lite basketak. Han nekta heile vegen for å ha noko med narkotika å gjere, og likevel nekta han å avgje urinprøve. Difor var det ekstra kjekt at husnøkkelen som låg i den jakka «han hadde funne», passa til adressa hans på Bryne. Der låg det 40 gram hasj i kommoden hans på soverommet.

Bortsett frå ein person som var misfornøgd med at narkotikahund hadde markert på han, var russen positive til politiet i Kongeparken generelt, og vi vil tørre å påstå at dei blei sjarmert i skjenk av både godkjent og ikkje godkjent narkotikahund. Fleire kom bort til oss for å fortelje at det var kjekt vi var der og passa på dei. Og ikkje minst håpar vi at vi hadde ein førebyggande effekt med opphaldet vår.

Ein av det ansvarlige for russetreffet kom bort til oss og sa at det mest likte innlegget dei hadde hatt på facebooksida deira, var når dei informerte om at narkotikahundane Laffen og Stine kom til å vere der under treffet. To oppdikta labradorar.

Sjølvsagt var det mange rusa personar der som ikkje blei tatt, men vi håpar at med fast tilstedeværelse så vil færre russ bringe med seg narkotika i åra som kjem. Dei som blei tatt for narkotikaovertredelse, fekk armbandet sitt klippa av og informert om at det var null sjanse for at dei ville bli sluppen inn att i år. Konklusjonen må vere at det var kjekt å vere politi for ein så snill russ under landstreffet i Kongeparken. Det var ekstra kjekt å vere politi med narkotikahund.

 

Hilde og Milo

Like eller dele dette innlegget på Facebook?

Legg igjen en kommentar